Introduksjon

From The Spaghetti Western Database
Jump to: navigation, search

Sidebar27.jpg

Sidebar8.jpg

Sidebar14.jpg

Sidebar3b.jpg

Sidebar19.jpg

Sidebar5.jpg

Sidebar11.jpg

Sidebar18.jpg

Sidebar2.jpg

Sidebar10.jpg

Sidebar9.jpg

Sidebar1.jpg

Velkommen til vår NYBEGYNNAR GUIDE TIL SPAGHETTI-WESTERNS. Begynn din lesing her vist du er ny til sjangeren og finne deg sjølv forvirra av den overveldande mengde filmar sjangeren tilbyr.

Kva er ein Spaghetti-western?

Spaghetti-western sjangeren byrja i den første halvdelen av sekstitalet og varte til slutten av syttitalet. Sjangeren fekk sitt tilnamn fordi filmane som regel var regissert og produsert av italienarar, ofte i samarbeid med andre Europeisk land, hovudsakleg Spania og Tyskland. Tilnamnet ‘spaghetti-western’ byrja som eit negativt tilnamn gitt av utanlandske kritikarar til disse filmane sidan dei tykte dei var dårligare enn dei Amerikanske westernfilmane. Dei fleste filmane vart lage på lave budsjett, men fleire av dei klarte likevell å vær både ny vinnande og artistiske, sjølv om dei ikkje fekk mykje erkjenning der og då, ikkje eingong i Europa. I løp av åttitalet betra rykte til sjangeren seg og idag er tilnamnet ikkje lenger brukt negativt, sjølv om nokre italienarar føretrekk western all’italiana (western ala Italia). I Japan vart dei kalla Makaroni western, i Tyskland Italowestern.

Kva er spesielt ved dei?

Det er ofte trudd at sjangeren oppstod som ein respons til den enorme suksessen til Sergio Leones For en neve dollar (1964), ein adaptasjon av den Japanske samurai filmen Yojimbo - Livvakten (Akira Kurosawa, 1961). Men ein handfull av westernfilmar vart laga i Italia før Leone omdefinerte sjangeren, og italienarane var ikkje dei første som laga westernfilmar i Europa på sekstitalet . I Tyskland vart ein serie med svært suksessfulle westernfilmar basert på Karl Mays verker produsert, og den første europeiske westernfilmen som hadde nokre av ingrediensane til det me idag kallar ‘spaghetti -western’, vart laga utan noko italiensk involvering, ettersom der var ein Britisk-Spansk samproduksjon: The Savage Guns (Michael Carreras, 1962).

Men det var Sergio Leone som verkeleg definerte sjangeren sinn utsjånad og atmosfære med sinn første westernfilm og dei to som følte:For noen få dollar mer (1965) and Den gode, den onde og den grusomme (1966). Samla er desse filmane kalla Dollars triologien. Leone såg den ville-vesten som eit støvete øydeland av kvitvaska landsbyar, ulande vind, magre hundar, og kyniske heltar som var lika ubarberte som skurkane.

Alle tre filmane hadde musikk ved Ennio Morricone, og musikken hans var like uvanleg og definerande som Leones visuelle stil: ikkje bare brukte han instrumenter som trompet, harpa eller elektrisk gitar, han inkorporerte og plystring, piskeslag og pistolskot i musikken sinn,kritikarar beskreiv da som ein ‘klapperslange i eit trommesett’. Morricone skreiv filmmusikken til over 30 italienske westernfilmar og var ein nøkkelspelar i sjangeren sinn suksess.

Hovudsakleg er spaghetti-westernfilmar meir action orientert enn deira amerikanske motstykke. Dialogen er brukt sparsamt og den illustrative bruken av musikk i historie forteljinga har gjort at filmane ofte vart samanlikna med operaar i struktur. Westernfilmar hadde lenge hatt tilnamnet ‘heste operaer’, men som professor i kulturstudie Christopher Frayling merka, tok da italienarar for å verkeleg visa kva det meinte. Mange av spaghetti-westernfilmane var svært valdelig for tida dei vart laga, og fleire av dei møtte på problem med sensurering, som forsaka att dei vart redigerte og i nokon tilfelle bannlyst frå enkelte marknader. Mange spaghetti-westernfilmar er sett i grenseområdet mellom Amerika og Mexico ofte med høglydte og sadistiske meksikanarar i skurkerolla. Den amerikanske borgarkrigen og ettermæle etter den danna som regel bakgrunnen for historiene. I staden for dei meir vanlege namna til sine amerikanske motstykke som Will Kane eller Ethan Edwards, hadde spaghetti heltane meir merkelege namn som Ringo, Sartana, Sabata, Johnny Oro, Arizona Colt eller Django. Sjangeren har utvilsamt katolske overtonar (andre namn på heltar inkluderer Hallelujah, Cemetery, Trinity og Holy Water Joe!), med ein visuell stil sterkt påverka av katolske ikon, for eksempel, korsfestinga, den siste nattverden og verket ecce homo. Den surrealistiske filmen Django Kill! (Se sei vivo, spara, 1967), av Giulio Questi, som tidlegare var ein assistent for sjølvaste Federico Fellini (!) inneheld ein gjenoppstått helt som er vitne til ein atter spegling av dommedag i ein støvete western landsby.

Utandørsscenane i mange spaghetti-westernfilmar, spesielt dei med eit høgre budsjett, vart filma i Spania, i sær Tabernasørkenen i Almeria (Andalusia), og Colmenar Viejo og Hoyo de Manzanares (nær Madrid). I Italia var Lazio provinsen (utanfor Roma) ein favoritt stad for opptak. Nokre spaghetti-western filmar vart filma i Alpene, Nord-Afrika, og Israel. Innendørs scenane var som regel filma på ville vesten landsby sett i studio i Roma som Cinecittà eller Elios. Elios studioet hadde og ein ‘meksikansk landsby’ ved siden av den ‘amerikanske landsbyen’.

Ein kort historie

# I byrjinga


Westernfilmar hadde alltid vore populære i Italia. Eit par italienske westernfilmar hadde vorte produsert under andre verdskrig, då den fascistiske regjeringa forbaud amerikanske westernfilmar frå å bli vist på italienske kinoar, for eksempel Il Fanciullo del West (1942), av Giorgio Ferroni (som seinare regisserte fleire spaghetti-westernfilmar i sjangeren si stordomstid). På sekstitalet skimta den amerikanske westernfilme igjen med sitt fråvær på europeiske kino læret, denne gongen var det fordi sjangeren sine største og viktigaste regissørar som John Ford og Anthony Mann hadde sine beste dagar bak seg og sjangeren hadde flytta seg til fjernsynsskjermane i staden.

Filmane basert på Karl May sine verk hadde skapt eit kulturell og finansiell opning for europeiske western produksjonar på ein større skala. Dei første italienske westernfilmane som vart produsert på sekstitalet likna meir eller mindre på amerikanske lågbudsjett westernfilmar, der både dei framfor og bak kameraet gjekk under amerikanske pseudonym. Sergio Leones For en neve dollar vart produsert samstundes som Mario Caianos De siste 2 fra Rio Bravo. Medan Leone omdefinerte western sjangeren, fortalte Caiano ei meir tradisjonell historie om sheriffen Pat Garret, og der Caiano hyra den aldrane amerikanske westernhelten Rod Cameron, valte Leone ein ung, ukjent skodespelar frå fjernsyn med namn Clint Eastwood. Med sjangeren fortsatt i oppstartingsfasen blanda dei fleste filmane som vart laga i overgangsåret 1965 amerikanske og italienske påverknadar, som Duccio Tessaris Ringo filmar, Ringo og Ringo vender tilbake, med Giuliano Gemma, sjangeren si første italienske superstjerne. I den internasjonale utgåva av For en neve dollar vart Leone fortsatt kreditert under det amerikanske pseudonymet Bob Robertson. Den første italienaren som putta sitt verkelege namn på ein spaghetti western var Sergio Corbucci med Minnesota Clay (1965).


# Stordomstida: 1966 - 1968


Da var i denne perioden dei fleste filmane som sidan har blitt sjangerens klassikarar vart laga. I 1966 lagde Leone Den gode, den onder, og den grusomme, ofte ansett som den essensielle spaghetti-western, og nå ansett av mange so den beste westernfilmen nokon gong laga. Ein anna milepæle var den banebrytande Django - hevneren av Sergio Corbucci (ofte kalla ‘den andre Sergio’), som vart den nye prototypen for spaghetti-westernfilmar med hemn historier, og fekk mangfoldige uoffisielle oppfølgarar som brukte Django namnet. I 1968 gav dei sjangeren to undiskutable mesterverk til: Leone lagde den legendariske Ondt blod i vesten, den første spaghetti-westernfilmen som fekk merksemd frå så kalla “seriøse” filmkritikarar, og Corbucci lagde The Great Silence, som var satt til snødekka landskap og som spelte imot neste alle sjangerens konvensjonar, blant anna clichéen om at helten altid vinner.

Ein anna regissør frå sjangeren sinn gyldne periode var Sergio Sollima (‘den tredje Sergio’), den mest intellektuelle og politisk engasjerte av alle spaghetti-western regissørane. Hans film Mannen med de sorte støvler (La Resa dei Conti, 1966) med Lee van Cleef, som var i to av dei tre Dollar filmane til Sergio Leone, er in forteljing om klasseskilje og de-konstruerer myten om den lov-opphaldande revolvermannen. Face to face (1967) er historia om ein universitets professor frå New England som reiser til sørstatane og oppdagar sine valdelege instinkt når han vert kidnappa og helt fanga av ein banditt. Professoren er spelt av Gian Maria Volonté, ein anna Leone veteran, medan banditten er spelt av den kubansk-amerikanske skodespelaren Tomas Milian.

Volonté var og i Damiano Damianis Gringo Desperados (Quién sabe? 1966), ein film som sette tonen for ein serie med politiske westernfilmar sett i Mexico under dei mange Meksikanske revolusjonane, dei så kalla ‘Zapata western’ (nokon gonger ‘Tortilla western’). Tomas Milian var i fleire av desse Zapata westernfilmane, alltid som ein Meksikansk bonde som endar opp som ein revolusjonsleiar. Han beskreiv seg sjølv og karakterane sine som ‘eit symbol på fattigdom og revolusjon’. Sett i Mexico og filma i ein barokk stil, virka Zapata westernfilmane uansett meir opptatt av å vara meir opptatt med europeiske politikk enn med nord eller latin amerikansk. På sekstitalet var Marxistiske idear populære blant europeiske intellektuelle, spesielt i middelhavslanda, og Zapata westernfilmane reflekterte dei revolusjons ideane dei hadde. Meir sofistikerte og intellektuelle enn dei meir ‘tradisjonelle’ spaghetti-westernfilmane, Zapata filmane var populære blant studentar. Dei var svært populære i den tredje verden. Blant dei beste Zapata westernfilmane var Gulio Petronis En kule for Tepepa og Sergio Corbuccis Profesjonell pistolero (begge 1968).

I 1969 byrja talet på westernfilmar som vart produsert å gå ned, og ein tendens til å parodiera sjangeren byrja å ta øve. Spesielt i Sartana filmane som ofte vert kalla sjangeren sitt svar på James Bond filmane.


# Komedie perioden


I 1970 lagde Enzo Barboni, som hadde vore Corbucci sin fotograf for Django - Hevneren, Trinity – Djevelens høyre hånd. Det som hadde vore parodi hadde nå glid over i slapstickens gladvold og filmen vart ein kjempe suksess verden over. Den markerte starten på ei ny stordomstid om ikkje for spaghetti-westernfilmar så utan tvil for den italienske filmindustrien. Mangfaldige westernkomediar vart produsert og skodespelarane Terence Hill og Bud Spencer vart sjangeren sine nye superstjerner. Fans av spaghetti-westernfilmar ser som regel ned på desse komediane og gladvoldens overtaking av sjangeren, men Trinity filmane er sett på som unntaket. Den andre filmen i serien, Trinity slår til igjen vart den meste suksessfulle italienske westernfilmen nokon gong ved premieren i 1971. Mitt navn er Nobody, regisert av Tonino Valerii (oversett av sjølvaste Sergio Leone), var ein delvis seriøs komisk dagdraum om sluttperioden til den ville vesten. Nokre film kombinerte elementa til spaghetti-westernfilmane med element frå kampsportfilmar frå Hong Kong, vanlegvis med ein Asiatisk filmhelt som ender opp i den ville vesten. Men ingen av desse «aust møter vest» filmane var serlig nemneverdige. Sjølv om komedie dominerte sjangeren i denne perioden vart det fortsatt produsert nokon seriøse westernfilmar på byrjinga av syttitalet. Corbucci laga Compañeros, ein semi-oppfølgjar til Profesjonell pistolero (1968), medan Leone laga Dukk, din tosk (1971), ein ambisiøs og alternativ tilnærming til Zapata westernfilmane.


# Svanesongsåra


Når det virka som om det var slutt for sjangeren hadde den ein siste oppsving med dei så kalla «svanesong» spaghetti-westernfilmane. Dødelig seriøse, stilistiske og melankolske, dei glorifiserte (og sørga over) slutten på både sjangeren og nedgangen til den italienske filmindustrien sine sjangerfilmar. Dei var delvis filma i dei nå falleferdige western landsby setta i studioa i Roma der hundre av westernfilmar hadde vorte spelt inn i tidlegare tiår. To av sjangeren sine beste svanesong filmar var Michele Lupos Mannen uten lov, med Giuliano Gemma, ein av dei første og største stjernene for sjangeren i Italia, og Med satan i helene, laga av den produktive regissøren Enzo G. Castellari, og med Django stjerna Franco Nero i hovudrolla.


I dag

Ein ny generasjon av filmskaparar representert ved Quentin Tarantino og Robert Rodriguez har årsaka ein atter-oppdaging og omfamning av sjangeren med forteljeteknikkar og visuelle stilar som er inspirert av dei italienske maestroane frå sekstitalet. Samtidig som regi veteranar som Martin Scorsese, Steven Spielberg og sjølvsagt Clint Eastwood har utalt seg om deira beundring og respekt for Sergio Leone, som idag er sett på som ein av dei beste regissørane nokon gong. Ennio Morricone mottok ein æres Oscar statue i 2007, for ‘hans fantastiske og mangfaldige bidrag til filmmusikken kunst’. Clint Eastwood stod ved sida av han på scenen under seremonien. DVDen sitt inntog har betydd mykje for sjangeren og. For fyrste gong kunne ein ny generasjon sjå filmane i deira originale breddeformat og sjangeren sinn visuelle stil kunne bli sett pris på nok ein gong. Sjølv om det er mange filmar som fortsatt har tilgode å bli oppdaga på ny så er alle sjangeren sine hjørnesteinfilmar nå tilgjengelege på DVD.

Vidare lesing: sjekk vår Topp 20 essensielle spaghetti-westernfilmar, vår Alternative Topp 20 eller vårt personal sine favorittar og bli inspirert


- av Scherpschutter & Lindberg, oversett av Rutledal.

Cookies help us deliver our services. By using our services, you agree to our use of cookies.