Introduksjon: Difference between revisions

From The Spaghetti Western Database
Jump to: navigation, search
No edit summary
No edit summary
Line 22: Line 22:


Utandørsscenane i mange spaghetti-westernfilmar, spesielt dei med eit høgre budsjett, vart filma i Spania, i sær Tabernasørkenen i  Almeria (Andalusia), og Colmenar Viejo og Hoyo de Manzanares (nær Madrid). I Italia var Lazio provinsen (utanfor Roma) ein favoritt stad for opptak. Nokre spaghetti-western filmar vart filma i Alpene, Nord-Afrika, og Israel. Innendørs scenane var som regel filma på ville vesten landsby sett i studio i Roma som  Cinecittà eller Elios. Elios studioet hadde og ein ‘meksikansk landsby’ ved siden av den ‘amerikanske landsbyen’.
Utandørsscenane i mange spaghetti-westernfilmar, spesielt dei med eit høgre budsjett, vart filma i Spania, i sær Tabernasørkenen i  Almeria (Andalusia), og Colmenar Viejo og Hoyo de Manzanares (nær Madrid). I Italia var Lazio provinsen (utanfor Roma) ein favoritt stad for opptak. Nokre spaghetti-western filmar vart filma i Alpene, Nord-Afrika, og Israel. Innendørs scenane var som regel filma på ville vesten landsby sett i studio i Roma som  Cinecittà eller Elios. Elios studioet hadde og ein ‘meksikansk landsby’ ved siden av den ‘amerikanske landsbyen’.
==Ein kort historie==
'''''# I byrjinga'''''
Westernfilmar hadde alltid vore populære i Italia. Eit par italienske westernfilmar hadde vorte produsert under andre verdskrig, då den fascistiske regjeringa forbaud amerikanske westernfilmar frå å bli vist på italienske kinoar, for eksempel [[Fanciullo del West, Il|Il Fanciullo del West]] (1942), av Giorgio Ferroni (som seinare regisserte fleire spaghetti-westernfilmar i sjangeren si stordomstid). På sekstitalet skimta den amerikanske westernfilme igjen med sitt fråvær på  europeiske kino læret, denne gongen var det fordi sjangeren sine største og viktigaste regissørar som John Ford og Anthony Mann hadde sine beste dagar bak seg og sjangeren hadde flytta seg til fjernsynsskjermane i staden.
Filmane basert på Karl May sine verk hadde skapt eit kulturell og finansiell opning for europeiske western produksjonar på ein større skala. Dei første italienske westernfilmane som vart produsert på sekstitalet likna meir eller mindre på amerikanske lågbudsjett westernfilmar, der både dei framfor og bak kameraet gjekk under amerikanske pseudonym. Sergio Leones For en neve dollar vart produsert samstundes som Mario Caianos [[Pistole non discutono, Le|De siste 2 fra Rio Bravo]]. Medan Leone omdefinerte western sjangeren, fortalte Caiano ei meir tradisjonell historie om sheriffen Pat Garret, og der Caiano hyra den aldrane amerikanske westernhelten Rod Cameron, valte Leone ein ung, ukjent skodespelar frå fjernsyn med namn '''[[Clint Eastwood]].''' Med sjangeren fortsatt i oppstartingsfasen blanda dei fleste filmane som vart laga i overgangsåret 1965  amerikanske og italienske påverknadar, som Duccio Tessaris Ringo filmar, [[Pistola per Ringo, Una| Ringo]] og [[Ritorno di Ringo, Il| Ringo vender tilbake]], med Giuliano Gemma, sjangeren si første italienske superstjerne. I den internasjonale utgåva av For en neve dollar vart Leone fortsatt kreditert under det amerikanske pseudonymet Bob Robertson. Den første italienaren som putta sitt verkelege namn på ein spaghetti western var Sergio Corbucci med [[Minnesota Clay]] (1965).
'''''# Stordomstida: 1966 - 1968'''''


under construction
under construction

Revision as of 23:10, 18 May 2015

under construction


Sidebar27.jpg

Sidebar8.jpg

Sidebar14.jpg

Sidebar3b.jpg

Sidebar19.jpg

Sidebar5.jpg

Sidebar11.jpg

Sidebar18.jpg

Sidebar2.jpg

Sidebar10.jpg

Sidebar9.jpg

Sidebar1.jpg

Velkommen til vår NYBEGYNNAR GUIDE TIL SPAGHETTI-WESTERNS. Begynn din lesing her vist du er ny til sjangeren og finne deg sjølv forvirra av den overveldande mengde filmar sjangeren tilbyr.


Kva er ein Spaghetti-western?

Spaghetti-western sjangeren byrja i den første halvdelen av sekstitalet og varte til slutten av syttitalet. Sjangeren fekk sitt tilnamn fordi filmane som regel var regissert og produsert av italienarar, ofte i samarbeid med andre Europeisk land, hovudsakleg Spania og Tyskland. Tilnamnet ‘spaghetti-western’ byrja som eit negativt tilnamn gitt av utanlandske kritikarar til disse filmane sidan dei tykte dei var dårligare enn dei Amerikanske westernfilmane. Dei fleste filmane vart lage på lave budsjett, men fleire av dei klarte likevell å vær både ny vinnande og artistiske, sjølv om dei ikkje fekk mykje erkjenning der og då, ikkje eingong i Europa. I løp av åttitalet betra rykte til sjangeren seg og idag er tilnamnet ikkje lenger brukt negativt, sjølv om nokre italienarar føretrekk western all’italiana (western ala Italia). I Japan vart dei kalla Makaroni western, i Tyskland Italowestern.


Kva er spesielt ved dei?

Det er ofte trudd at sjangeren oppstod som ein respons til den enorme suksessen til Sergio Leones For en neve dollar (1964), ein adaptasjon av den Japanske samurai filmen Yojimbo - Livvakten (Akira Kurosawa, 1961). Men ein handfull av westernfilmar vart laga i Italia før Leone omdefinerte sjangeren, og italienarane var ikkje dei første som laga westernfilmar i Europa på sekstitalet . I Tyskland vart ein serie med svært suksessfulle westernfilmar basert på Karl Mays verker produsert, og den første europeiske westernfilmen som hadde nokre av ingrediensane til det me idag kallar ‘spaghetti -western’, vart laga utan noko italiensk involvering, ettersom der var ein Britisk-Spansk samproduksjon: The Savage Guns (Michael Carreras, 1962).

Men det var Sergio Leone som verkeleg definerte sjangeren sinn utsjånad og atmosfære med sinn første westernfilm og dei to som følte:For noen få dollar mer (1965) and Den gode, den onde og den grusomme (1966). Samla er desse filmane kalla Dollars triologien. Leone såg den ville-vesten som eit støvete øydeland av kvitvaska landsbyar, ulande vind, magre hundar, og kyniske heltar som var lika ubarberte som skurkane.

Alle tre filmane hadde musikk ved Ennio Morricone, og musikken hans var like uvanleg og definerande som Leones visuelle stil: ikkje bare brukte han instrumenter som trompet, harpa eller elektrisk gitar, han inkorporerte og plystring, piskeslag og pistolskot i musikken sinn,kritikarar beskreiv da som ein ‘klapperslange i eit trommesett’. Morricone skreiv filmmusikken til over 30 italienske westernfilmar og var ein nøkkelspelar i sjangeren sinn suksess.

Hovudsakleg er spaghetti-westernfilmar meir action orientert enn deira amerikanske motstykke. Dialogen er brukt sparsamt og den illustrative bruken av musikk i historie forteljinga har gjort at filmane ofte vart samanlikna med operaar i struktur. Westernfilmar hadde lenge hatt tilnamnet ‘heste operaer’, men som professor i kulturstudie Christopher Frayling merka, tok da italienarar for å verkeleg visa kva det meinte. Mange av spaghetti-westernfilmane var svært valdelig for tida dei vart laga, og fleire av dei møtte på problem med sensurering, som forsaka att dei vart redigerte og i nokon tilfelle bannlyst frå enkelte marknader. Mange spaghetti-westernfilmar er sett i grenseområdet mellom Amerika og Mexico ofte med høglydte og sadistiske meksikanarar i skurkerolla. Den amerikanske borgarkrigen og ettermæle etter den danna som regel bakgrunnen for historiene. I staden for dei meir vanlege namna til sine amerikanske motstykke som Will Kane eller Ethan Edwards, hadde spaghetti heltane meir merkelege namn som Ringo, Sartana, Sabata, Johnny Oro, Arizona Colt eller Django. Sjangeren har utvilsamt katolske overtonar (andre namn på heltar inkluderer Hallelujah, Cemetery, Trinity og Holy Water Joe!), med ein visuell stil sterkt påverka av katolske ikon, for eksempel, korsfestinga, den siste nattverden og verket ecce homo. Den surrealistiske filmen Django Kill! (Se sei vivo, spara, 1967), av Giulio Questi, som tidlegare var ein assistent for sjølvaste Federico Fellini (!) inneheld ein gjenoppstått helt som er vitne til ein atter spegling av dommedag i ein støvete western landsby.

Utandørsscenane i mange spaghetti-westernfilmar, spesielt dei med eit høgre budsjett, vart filma i Spania, i sær Tabernasørkenen i Almeria (Andalusia), og Colmenar Viejo og Hoyo de Manzanares (nær Madrid). I Italia var Lazio provinsen (utanfor Roma) ein favoritt stad for opptak. Nokre spaghetti-western filmar vart filma i Alpene, Nord-Afrika, og Israel. Innendørs scenane var som regel filma på ville vesten landsby sett i studio i Roma som Cinecittà eller Elios. Elios studioet hadde og ein ‘meksikansk landsby’ ved siden av den ‘amerikanske landsbyen’.

Ein kort historie

# I byrjinga

Westernfilmar hadde alltid vore populære i Italia. Eit par italienske westernfilmar hadde vorte produsert under andre verdskrig, då den fascistiske regjeringa forbaud amerikanske westernfilmar frå å bli vist på italienske kinoar, for eksempel Il Fanciullo del West (1942), av Giorgio Ferroni (som seinare regisserte fleire spaghetti-westernfilmar i sjangeren si stordomstid). På sekstitalet skimta den amerikanske westernfilme igjen med sitt fråvær på europeiske kino læret, denne gongen var det fordi sjangeren sine største og viktigaste regissørar som John Ford og Anthony Mann hadde sine beste dagar bak seg og sjangeren hadde flytta seg til fjernsynsskjermane i staden.

Filmane basert på Karl May sine verk hadde skapt eit kulturell og finansiell opning for europeiske western produksjonar på ein større skala. Dei første italienske westernfilmane som vart produsert på sekstitalet likna meir eller mindre på amerikanske lågbudsjett westernfilmar, der både dei framfor og bak kameraet gjekk under amerikanske pseudonym. Sergio Leones For en neve dollar vart produsert samstundes som Mario Caianos De siste 2 fra Rio Bravo. Medan Leone omdefinerte western sjangeren, fortalte Caiano ei meir tradisjonell historie om sheriffen Pat Garret, og der Caiano hyra den aldrane amerikanske westernhelten Rod Cameron, valte Leone ein ung, ukjent skodespelar frå fjernsyn med namn Clint Eastwood. Med sjangeren fortsatt i oppstartingsfasen blanda dei fleste filmane som vart laga i overgangsåret 1965 amerikanske og italienske påverknadar, som Duccio Tessaris Ringo filmar, Ringo og Ringo vender tilbake, med Giuliano Gemma, sjangeren si første italienske superstjerne. I den internasjonale utgåva av For en neve dollar vart Leone fortsatt kreditert under det amerikanske pseudonymet Bob Robertson. Den første italienaren som putta sitt verkelege namn på ein spaghetti western var Sergio Corbucci med Minnesota Clay (1965).

# Stordomstida: 1966 - 1968


under construction

Cookies help us deliver our services. By using our services, you agree to our use of cookies.